Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Indre Sogn onsdag 17.01.2024

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Unngå leområder med fersk fokksnø. Fokksnøen frå helga er ustabil. Sprekker i snødekket og drønnelydar er tydelege teikn på ustabile forhold.

Skredfarevurdering

I dei områda der vinden danna fersk fokksnø søndag vil det framleis vere lett å løyse ut skred. Fokksnøen kan ligge både på nedføyka nysnø og på vedvarande svakt lag av kantkorn som vart danna på snøoverflata under kuldeperioden etter nyttår. Men det er begrensa kor mange områder som har fått flakdanning på snøoverflata og dermed har den oppbygginga som skal til for å få flakskred.

Heile regionen har også eit vedvarande svakt lag av kankorn lengre nede i snøen, rundt skarelag som vart danna 16.-18. desember. Det har vore mykje drønnelydar i dette laget, men det har gått lite skred på det.

Det kjem litt nysnø, men dette er ikkje nok til å auke skredfaren noko vesentleg.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2). Fjernutløsing er mulig.

Kantkornet snø under skarelag

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Tirsdag 16. januar 2024

Natt til søndag kom det opp til 15 cm nysnø med vind frå nordvest. Snøoverflata er nokre stadar prega av å vere utsatt for vind. Men stort sett er det mykje laussnø på overflata. Det er mest fersk fokksnø i sør og austvendte leområder.

Kaldt vêr etter nyttår har også ført til kantkorndanning i overflata. Dette laget er no dekka av nysnøen som kom i helga.
Det finst fleire vedvarande svake lag djupare i snøen. Det laget som har gitt mest respons tidlegare er å finne rundt eit skarelag som vart danna under mildvêret 16. desember. Det finst også kantkornlag ved bakken.

Måndag vert det observert eit naturleg utløyst skred i Jostedal som mest truleg har gått då vinden var på det sterkaste søndag. Søndag vart det observert eit naturleg utløyst skred i søraustvendt terreng i Sogndalsdalen. Laurdag vart det fjernutløyst eit skred i skoggrensa i Jostedal

Søndag vert det observert drønn, skytande sprekkar og skredaktivitet. Tynt og mjukt snødekke i søraustvendte leområder er mest utsatt.

Fjellvær

Tirsdag 16. januar 2024

2 mm i døgnet, opp mot 7 mm i mest utsatt område. Nedbør som snø. Bris fra sørvest. -20 °C til -10 °C på 1400 moh. Skyet. Periodevis sørlig frisk bris midt på dagen.

Onsdag 17. januar 2024

Ingen nedbør av betydning. Bris fra nordvest. -24 °C til -12 °C på 1400 moh. Skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS